Gi andre tilgang til din Digipost-konto

Gi andre tilgang til din Digipost-konto

Om du ønskjer at nokon du stoler på skal få moglegheit til å lese og følgje opp posten du får i Digipost, kan du gi dei tilgang til din digitale postkasse.

Illustrasjon av to personar som held ein datamaskin med eit bilete av ei postkasse.
Publisert 2024.11.26 Sist oppdatert 2024.12.12

Tilgang til andre sin Digipost-konto

Synest du, eller nokon du kjenner, at det er vanskeleg å halde oversikt over kva som kjem i Digipost? Du bør ikkje låne eller låne bort BankID, men heller setje opp kontodeling i Digipost.

Tilgang til konto er ein fin og trygg måte å hjelpe nokon som:

  • bur på sjukeheim
  • slit med å bruke digitale hjelpemiddel
  • er gamal eller ung
  • eller berre er litt distre

Det er ikkje naudsynt med fullmakt for å få tilgang til ein annan sin konto, så lenge det er kontoeigaren sjølv som deler kontoen.

Tilgangen gjer det mogleg å:

  • lese og bli varsla om ny post
  • sende post på deira vegner
  • lagre og laste ned innhald frå postkassa

Slik set du opp tilgang:

  • gå inn på profilen din og vel «Tilganger»
  • for å gi tilgang må du vere logga inn med BankID, Buypass eller Commfides
  • søk opp personen som skal ha tilgang og vel «Gi tilgang»
Illustrasjon av fire personar som held rundt kvarandre.

Slik opnar du kontoar du har tilgang til

  • logg inn med din eigen Digipost-brukar
  • gå til postkassemenyen
  • klikk på namnet ditt øvst
  • andre personar sine postkasser som du har tilgang til, kjem opp
  • vel postkassa du ønskjer å sjå
  • neste gong du opnar Digipost, kjem du automatisk tilbake til din eigen postkasse