sikkerheit

Sikkerheit i Digipost

Vi tek sikkerheita di på alvor. Her er det du treng å vita. Du kan også kontakta oss med spørsmål og innspel.

Rett mottakar og avsendar

I Digipost kan ingen avsendarar gi seg ut for å vera nokre andre enn den dei er. Vi sørgjer for dette ved å stilla krav til identifisering ved oppretting av konto. Dette i motsetning til e-post og SMS, der det er lett å gi seg ut for å vera nokre andre.

Kryptert innhald

Innhaldet i sendingane er kryptert, slik at ingen andre enn avsendar og mottakar kan lesa innhaldet i brevet.

Digiposts data er lagra i skya, men alle krypteringsnøklar er under vår kontroll til kvar tid. Det betyr at skyleverandør aldri vil få innsikt i brukaranes data.

Sending på fødselsnummer

Digital post er ein lukka infrastruktur, der sendingar kan adresserast på fødselsnummer. Post adressert på fødselsnummer blir ikkje send feil mottakar

Slik jobbar vi mot phishing

For å kunna skilja dei ekte varslingane om ny post frå falske, kan desse hugsereglane vera nyttige:

  • Vi sender aldri lenkjer i varsel om ny post på e-post eller SMS.
  • Vi ringjer aldri for å få deg til å oppgje sensitiv informasjon.
  • Vi ringjer aldri for å hjelpa deg med innlogging uoppmoda.

Trygg bruk av Digipost

  • Dersom du bruker Digipost-appen blir du varsla på mobilen ved ny post. Det er den sikraste og enklaste måten å bruka tenesta på.
  • Vidare jobbar vi aktivt med avsendarar – både offentlege og private – for å skapa forståing for korleis varslingar kan misbrukast.
  • Viss du får ein SMS eller e-post med varsling om ny post i Digipost, bør du gå rett til Digipost på mobil eller desktop og logga inn i tenesta.

Personvern og GDPR

Vi tek personvernet ditt på alvor. Ved bruk av Digipost vil ingen personopplysningar eller dokument oppbevarast utanfor EU/EØS. For meir informasjon om handsaminga vår av personopplysningar, sjå personvernerklæringa vår.

Kva gjer vi når vi oppdagar falske varsel og falske nettstader?

Vi rapporterer falske sider fortløpande til ein samarbeidspartnar som tek dei ned. Viss du kjem over ei falsk Digipost-side, kan du rapportera ho til oss via e-post.

Gjenpartsbrev

Gjenpartsbrev i Digipost kan avsløra svindel. Gjenpartsbrev er eit varsel om at eit selskap har undersøkt kreditten din. Ved at kredittføretak sender gjenpartsbrev i Digipost kort tid etter kredittvurderinga har vorte gjennomført, får du eit tidleg varsel om at du eller nokon andre har prøvd å ta opp lån eller kjøpa varer i ditt namn. Gjenpartsbrev i Digipost har ved fleire høve over mange år medverka til å avsløra svindel.