Digital tilgang overalt
Motta, lagre og last opp viktige dokument i den digitale postkassa di. Då har du alltid posten tilgjengeleg når du treng han. Lastar du ned mobilappen, får du enda enklare tilgang til å bruke Digipost.
Last ned Digipost-appen
Sikker digital kommunikasjon
Digipost er, i motsetning til e-post og SMS, eit lukka og sikkert system der all post er kryptert. Det betyr at ingen andre kan lese posten din. Vidare garanterer vi at avsendarane er den dei utgir seg for å vere. Difor kan du trygt lese og oppbevare posten din hos oss.
I tillegg til å motta sikker kommunikasjon, kan du òg sende krypterte meldingar til andre privatpersonar og enkelte bedrifter gjennom Digipost.
Bare viktige meldingar frå offentleg, privat og frivillig sektor
Alle sektorar i Noreg bruker Digipost for å sende deg viktige meldingar digitalt. I Digipost slepp du å få innboksen fylt opp med nyheitsbrev og reklame; du får berre viktige meldingar.
Ditt private arkiv med meldingar du eig
Alt du mottar i Digipost er ditt, og avsendar kan ikkje endre dokumentet etter at du har motteke det. Alt du mottar blir liggande i Digipost til du sjølv vel å slette det. Du kan opprette eigne mapper om du ønskjer det, og det er óg mogleg å laste opp eige innhald.
Gratis
Som privatperson mottar du all digital post gratis, og du kan sende inntil 100 brev per månad utan å betale. Du kan lagre inntil 1 GB brev og dokument så lenge du vil.